To nye anlegg i Flatanger er varsla om redusert produksjon

Illustrasjonsfoto: Mattilsynet

Mattilsynet har varsla ytterlegare to oppdrettsanlegg i Flatanger kommune i Trøndelag, om at Mattilsynet vurderer å vedta mellombels redusert produksjon på anlegga. Dette på bakgrunn av langvarige luseoverskridingar.

Det melder Mattilsynet.

Varsla gjeld desse anlegga:

  • 21676 Kråkholmen (Bjørøya AS i samdrift med Midt-Norsk Havbruk AS)
  • 9356 Kvalrosskjæret (Bjørøya AS i samdrift med Midt-Norsk Havbruk AS)


Mattilsynet opplyser vidare at selskapa har uttalerett før det eventuelt vert fatta vedtak.

Varsel til tre oppdrettsanlegg i Flatanger

I midten av februar, fekk eit anna anlegg i Flatanger kommune varsel om mellombels redusert produksjon, som eitt av tre anlegg langs kysten. Såleis er det no tre anlegg i Flatanger kommune som er varsla om at Mattilsynet kan kome til å vedta mellombels redusert produksjon.

Les også: Tre anlegg har fått varsel om redusert produksjon

Om mellombels redusert produksjon

Mattilsynet kan sette krav om at oppdrettarar som har hatt langvarige eller alvorlege lakselusproblem, mellombels skal redusere produksjon. Perioden med redusert produksjon, vil minimum gjelde for to år, og dekker den neste produksjonssyklusen på lokaliteten.

Målet med verkemiddelet, er å få oppdrettarane til å tilpasse drifta til smittepress, førebyggjande tiltak og kapasitet for behandling og slakting.

Oppdrettarar som får midlertidig redusert produksjon, kan auke den igjen når dei har synt at dei har kontroll og klarer å halde seg under lakselusgrensa.