Ålesund: Sølvtrans Rederi har inngått ei ny brønnbåtkontrakt med Myklebust Verft i Sande.
Fartøyet blir det tredje i ein serie basert på designet Kongsberg NVC 389, fra Kongsberg Maritime CM AS, som Sølvtrans frå før har to av i ordre ved verftet.
Lastekapasiteten blir på 4000 m³. Og også dette skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San. Levering av det som vert bygg nummer 77 frå Myklebust Verft, er kontraktsfesta til april 2022.
– For å kunne møte etterspørselen etter brønnbåttenester både nasjonalt og internasjonalt, så har Sølvtrans valt å kontrahere nok ein brønnbåt ved Myklebust Verft, seier reiar og administrerande direktør i Sølvtrans Rederi AS, Roger Halsebakk, i ei pressemelding.
– Vi opplever stor etterspørsel etter våre brønnbåtar i denne klassa. Som selskap er vi alltid opptatt av å kunne tilby det ypparste av kvalitet både når det gjeld båtar og fiskehandtering. I tillegg er det viktig å kunne bidra til lokal verdiskaping og arbeidsplassar. Med denne kontrakten oppnår vi dette, fortel Halsebakk.
– For ei veke sidan tok vi imot tre nye lærlingar og det er ei ekstra glede å kunne fortelje dei om denne kontrakten som sikrar spennande arbeidsoppgåver i deira læretid, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide i Myklebust Verft AS.
– For tida er sju av 142 tilsette lærlingar og TAF-elevar. Når Sølvtrans vel å bygge lokalt er dei også med på å legge grunnlag for neste generasjon av stolte skipsbyggarar, seier Hide.