Rømt oppdrettslaks på Sør-Vestlandet kom frå Mowi

Illustrasjonsfoto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet
Illustrasjonsfoto: Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet

Rømt oppdrettslaks fanga i Åna-Sira, Kvina og Sokna i haust kom frå Mowi. Det er selskapet sjølv som har informert Fiskeridirektoratet om dette etter å ha analysert prøvar av fisk.

Fiskeridirektoratet fekk i haust meldingar om fangstar av rømt oppdrettsfisk i Åna-Sira, Kvina og Sokna. Fisken var i storleiken 1-2 kg.

Dei aktuelle oppdrettsselskapa i området vart bedne om å sjekke sine anlegg, men ingen av desse melde om avvik som kunne knytast til rømming.

Les også: Rømt oppdrettslaks frå ukjende kjelder på Vestlandet

Både Fiskeridirektoratet og Mowi ASA samla inn prøver av den rømte fisken, for å kunne setje i verk sporing.

Mowi er den største akvakulturverksemda i området og den som ligg nærast dei aktuelle elvane.

Resultat frå DNA-analysar

Mowi har ferdigstilt si analyse og sendt denne til Fiskeridirektoratet. Selskapet konkluderer med at alle dei analyserte individa var fisk av Mowi-stamme og kom frå fire ulike fiskegrupper. Desse fiskegruppene står på tre ulike lokalitetar i flekkefjordområdet.

På bakgrunn av tipsa om rømt oppdrettslaks fekk Fiskeridirektoratet sett i verk tiltak i dei tre vassdraga i løpet av hausten. Det var personell frå Norce som utførte overvaking ved hjelp av snorkling. I tillegg har elveeigarlaga organisert utfiske.

Opprettar tilsynssak mot Mowi

– Fiskeridirektoratet vil på bakgrunn av resultata, opprette ei tilsynssak mot Mowi. Sentrale punkt vil vere rutinar for å oppdage og rapportere om rømming, opplyser Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Fiskeridirektoratet vil også vurdere å pålegge selskapet eit ansvar for miljøovervaking i vassdraga.