Torskeoppdrettarane slit

I fjor på denne tida var det elleve produsentar av torskeyngel i Norge. I dag er det berre att fire til fem prosusentar.

– Også vi har vore kraftig ramma i 2009. No gjeld sunnmørsk nøkternheit, sterkt redusert produksjon og overleving det neste året, seier dagleg leiar Helge Ressem i Profunda AS til Sunnmørsposten.

Då krisa slo til i fjor haust, fall prisen på oppdrettstorsk med heile tretti prosent på kort tid, skriv avisa.

Reduserer produksjonen

– Etterspurnaden etter yngel stupte, og mange gjekk over ende. I fjor produserte vi 3,5 millionar torskeyngel, men i år må vi nok ned i 1,5 millionar, seier Ressem til avisa. Kapasiteten ligg på 10 millionar torskeyngel.

2008 enda med eit underskot på 3,6 millionar kroner før skatt, mot eit overskot på 2,4 millionar kroner året før.

Ressem trur det vert eit hardt år til, før det lysnar hausten 2010.

– På grunn av at færre aktørar produserer langt mindre yngel enn før, vil det då verte mykje mindre moden slaktefisk, noko som vil drive prisane opp, sier Ressem til avisa.

Ressem trur at det etter kvart vert fleire produkt av oppdrettstorsk, og at dette kan auke omsetnaden.

Eigarane skaut i februar i år inn 8 millionar i ny kapital i Profunda.

Relaterte saker

Salet av torskeyngel svikta 18.09.2009
Blodrødt fra Codfarmers 24.08.2009
Tapte 55 millionar på torskeoppdrett 24.07.2009
Spår krise for oppdrett av torsk 25.06.2009