Nærøysund konkurs

Ein oppdrettslokalitet tilhøyrande konkursråka Nærøysund AS. Foto: Nærøysund AS

Torskeoppdrettaren Nærøysund AS i Flora kommune i Sogn og Fjordane er konkurs etter oppbod.

Nærøysund AS (tidlegare Nærøysund Matfisk AS) slo seg i dag konkurs etter 20 års drift. Samstundes vart det også opna konkurs etter oppbod i Nærøysund Marin Yngel AS.

50 millionar i tap

Årsaka er opplyst å vere eit tap på 50 millionar kroner, som er eit resultat av bakterien francisella sine herjingar på fisken i anlegget.

– Den har gjeve oss store økonomiske problem over eit par år. No har vi tapt så mykje pengar at vi ikkje har moglegheit til å drive vidare, seier styreleiar og dagleg leiar, Karl-Petter Myklebust, til NRK.

Floraverksemda var eit selskap det var knytt store forventingar til med tanke på å gjere torskeoppdrett til den store næringa i Sogn og Fjordane. Men ein frykta og dødeleg torskebakterie, tok også knekken på torskeoppdrettaren. melder NRK.

Myklebust seier til NRK at verksemda har vore ei solid verksemd, med overskot i mange år fram til bakterien vart påvist i 2008.

– Smitte med stamfisk

Nærøysund har det siste året hatt ei sak gåande mot Havforskningsinstituttet og Regjeringsadvokaten. Dei meiner å kunne dokumentere at smitten har komme på stamfisk som dei har fått frå instituttet.

Myklebust vonar at dersom erstatningsspørsmålet fører fram, så kan det bety oppstart att for oppdrettsanlegget, opplyser NRK.

Les også: Torskeoppdrettarane slit 24.09.2009