MSC-sertifikat for torsk og hysefiske

BRUSSEL: På vegne av norsk fiskerinæring mottok Eksportutvalget for fisk (EFF) i dag sertifikata som dokumenterer berekraftig fiske.

Sertifikata dokumenterer at det norske fisket etter nordaustarktisk torsk og hyse utanfor 12 nautiske mil er berekraftig.

Les også: Torsk og hyse snart MSC-sertifisert 20.04.2010

– Svært viktig

– Miljømerkinga av det norske fisket etter nordaustarktisk torsk og hyse er svært viktig med tanke på å dokumentere for marknaden at fisket er berekraftig. Det har det vore i mange år, men i marknadsarbeidet er det viktig med dokumentasjon av ein uavhengig part, slik MSC, Marine Stewardship Council er, seier styreleiar Tore Roaldsnes i Fiskebåtredernes Forbund (Fiskebåt) i ei pressemelding.

– Difor er ein ny milepel no nådd. Frå før er dei norske seifiskeria, sildefiskeria og makrellfisket miljøsertifisert, seier Roaldsnes. Iogmed sertifiseringa av fisket etter nordaustarktisk torsk og hyse utanfor 12 nautiske mil får marknaden tilgang til store volum av miljøsertifisert norsk kvitfisk, seier Roaldsnes.

– Det er truleg verdas største bestand av torsk og hyse som no får miljømerke. God forvalting saman med naturen sjølv, har gitt oss svært store fiskebestandar, som vi kan hauste av i dag, i morgon og om vi steller oss rett, til evig tid, uttalar Roaldsnes.

Han viser til at Fiskebåt var den organisasjonen i norsk fiskerinæring som først tok initiativet til miljømerking av norske fiskeri.

Les også: – Norge styrker bærekraftsposisjonen 28.04.2010