Regulering av fisket etter ål i 2011

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om forbod mot fiske etter ål i 2011.

På grunn av den alvorlege bestandssituasjonen vert det generelle forbodet mot alt fiske etter ål vidareført. Fiskeridirektoratet har fullmakt til å setje i verk eit overvakingsfiske i 2011, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

I 2010 har det vore gjennomført eit lisensbasert overvakingsfiske innanfor ei ramme på ca 50 tonn, med kommersiell omsetjing av fangstane.

Ål er lista på CITES liste II for handel med trua dyreartar, og EU har varsla at det ikkje vert nokon import i 2011. Dette har ført med seg utfordringar for den norske næringa. Fiskeridirektoratet vil greie ut om det er grunnlag for eit næringsinvolvert overvakingsfiske i 2011, og vil kunne fastsetje nærare forskrift om dette. 

Relaterte artiklar
•  Raudlista: Friskmelder 15 artar 09.11.2010
•  Regulering av fisket etter ål i 2010 14.12.2009
•  Foreslår forskrift om forskningsfangst av ål 11.12.2009
 

Stilling ledig