Vil tillate større lasteromsvolum

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har sendt på høyring eit framlegg om å auke største tillatne lasteromsvolum for fartøy med torsketrål,- seitrål- og reketrålkonsesjon.

Framlegget går ut på at fartøy med torsketrål,- seitrål- og reketrålkonsesjon får auka største tillatne lasteromsvolum frå 1500 m3 til 4000 m3.

Eit av formåla med forslaget er at havfiskefartøy med ringnot-, pelagisk trål-, torsketrål-, seitrål- eller reketrålkonsesjon etter dette vil få same grense når det gjeld storleiken på lasterommet, opplyser Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

Samstundes inneber forslaget at kva rom som skal reknast med i lasteromsvolumet, også blir likt for alle desse fartøya.

Tidlegare har ringnotfartøy og pelagiske trålarar fått auka lasteromsvolumet til 4000 kubikkmeter, medan kystfartøy har fått ei øvre grense for lasteromsvolum på 500 kubikkmeter.

Les også: Kan ha større lasteromsvolum 21.10.2010
Les også: Kystfartøy får ny grense på 500 kbm 08.09.2010

Høyringsfristen er sett til 10. august 2011.

Les meir
•  Forslag om å auke største tillatne lasteromsvolum - Endring av konsesjonsforskrifta - Høyring