Opna Stamsund hamn

VESTVÅGØY: Ikkje mindre enn to statsrådar var den 24. mai med på å markere opninga av den utbetra fiskerihamna i Stamsund.

Saman med samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, markerte fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen at det omfattande arbeidet Kystverket har utført i Stamsund havn er fullført.

Les også: Flere fiskerihavner og tiltak i farleiene 05.10.2010
Les også: Mer forurenset sjøbunn i Stamsund 15.01.2010

120 millionar kroner

Den største fiskerihamna i Vest-Lofoten har fått ei real overhaling. Sidan hausten 2009 har hamneområdet i Stamsund både blitt utdjupa og fått ny innseglingslei skjerma av ein 200 meter lang molo, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.

Utbetringane har ein kostnad på om lag 120 millionar kroner. E. Phil & Søn frå Danmark har vore entreprenør for prosjektet.

– Dette prosjektet er eit veldig godt eksempel på at vi med god planlegging og gode argument kan få gjennomført store samarbeidsprosjekt, sa Berg-Hansen under opninga.

– Tryggare innsegling og eit bidrag til livskraftige lokalsamfunn

Kystdirektør Kirsti L. Slotsvik fortel om eit omfattande arbeid.

– Utbetringa av Stamsund hamn har vore eit omfattande og spanande prosjekt for Kystverket. Det er eit viktig stykke arbeid som er gjort. Innseglinga er tryggare, og både fiskeflåten og persontrafikken er no betre skjerma mot vêr og vind, seier Slotsvik, som sjølv vart hindra frå å vere til stades på opninga grunna flyproblem.

Både kommunen og fylket er særs nøgde med det arbeidet Kystverket har gjort i Stamsund.

– Prosjektet er heilt i tråd med Kystverkets mål om å vere med på å skape livskraftige kystsamfunn. Det er difor hyggjeleg å høyre at ordføraren i Vestvågøy seier dette er blitt ei mønsterhamn, og at Kystverket fortener all mogleg honnør for arbeidet, seier Slotsvik i ei pressemelding frå Kystverket.