Fiskeri- og kystdepartementet har vedteke å lukke deltakinga i fisket etter lange og brosme for kystfartøy med største lengd over 28 meter.
Lukkinga, som vart vedteke den 9. juni 2011, medfører at berre dei kystfartøya over 28 meter som før 24. juni 2010 fiska og landa minst ti tonn lange og/eller brosme, og dei som investerte i fartøy over 28 meter før denne datoen, får delta i fisket, melder Fiskeri- og kystdepartementet.
Endringa skjer etter at framlegg og lukking av fisket har vore til høyring.
Les også: Vil lukke fisket etter lange og brosme 18.11.2011
Les også: Varsler begrenset fiskeadgang 24.06.2010
Bakgrunnen for lukkinga er å hindre ein vekst som kan svekke grunnlaget for eit lønnsamt fiske. Det er også eit behov for å beskytte den positive bestandsutviklinga av lange og brosme som struktureringa i havfiskeflåten har medført, opplyser departementet.