Ny milepæl for europeisk havforsking

Arkivfoto av forskningsfartøyet «G.O. Sars». Foto: Kjartan Mæstad / Havforskningsinstituttet

Det europeiske forskingsprogrammet om hav kunne 6. desember registrere ein ny milepæl, då konkurranseevnerådet i EU lanserte programmet, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

– Noreg er eit havland og det har mykje å seie reint strategisk for oss at vi no har fått på plass eit utvida samarbeid for forsking om hav i Europa, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

JPI Oceans

Til saman 16 land har forplikta seg til å vere med i havforskingsprogrammet JPI Oceans (Joint Programming Initiative on Healthy and Productive Seas and Oceans). EU-kommisjonen deltek som observatør. Målet er å utvikle ei felles plattform for berekraftig bruk av ressursane i havet og for teknologiutvikling, samtidig som ein tek vare på det marine miljøet.

– Havområda kan innehalde nøkkelen til å løyse mange av dei globale utfordringane vi vil møte når det gjeld reint miljø, nok og sunn mat og fornybar energi. JPI Oceans vil derfor vere ein viktig arena for å få meir kunnskap som trengst for å møte desse utfordringane. Dette er eit område der norske forskarar allereie ligg i verdstoppen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland.

Noreg har saman med Belgia og Spania leia arbeidet med å utvikle JPI Oceans. Eit sekretariat, under norsk leiing, har sikra at 16 land deltek og at ein dekkjer alle sjøbasseng i Europa, og sekretariatet har utforma kva ein skal oppnå med programmet og korleis det skal styrast. Europakommisjonen har tidlegare vedteke å støtte programmet. Programmet er no breitt forankra, og det er reflektert i EU sitt forslag til nytt rammeprogram for forsking, Horizon 2020, som nettopp er sendt på høyring.

– Gjennom JPI Oceans har Noreg vore med å løfte fram den marine og maritime forskinga i EU. Vedtaket i konkurranseevnerådet understrekar kor viktig auka kunnskap om havområda våre er. Her ligg store mulegheiter innan energi, mat, maritim transport, turisme og bioteknologiske produkt, og hava har ein verdi i seg sjølv. Det er avgjerande at vi sikrar ei berekraftig utvikling, seier sekretariatsleiar Kathrine Angell-Hansen.

Initiativ frå Noreg

Det var Noreg, representert ved Kunnskapsdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Noregs forskingsråd, som i 2010 tok initiativ til å etablere eit fellesprogram for havforsking, eit såkalla Joint Programming Initiative. Målet med fellesprogramma er å samle forskingsinnsats i Europa for å gi svar på store felles samfunnsutfordringar.

For meir informasjon om JPI Oceans sjå: jpi-oceans.eu

Relaterte artiklar
– Et viktig europeisk påvirkningsorgan 23.05.2011
Grønt lys for storsatsing på hav 20.05.2011
Felles havforskning på agendaen 01.06.2010