Skjerpar handheving av regelverk

Frå og med 15. januar i år stramma Fiskeridirektoratet inn handhevinga av regelverket knytt til elektronisk fangstdagbok for alle fartøy over 15 meter.

For flåten over 21 meter vart ordninga med elektronisk fangstdagbok innført frå 1. oktober 2010 og for flåten over 15 meter frå 1. januar 2011.

Etter at ordninga vart innført, har Fiskeridirektoratet ført ei lempeleg handheving med regelverket for at flåten skulle kunne tilpasse seg dei nye krava, og elektronisk fangstdagbok byrjar etter kvart å bli ein naturlig del av kvardagen om bord i båtane over 15 meter, melder Fiskeridirektoratet.

– Fiskeridirektoratets døgnopne vaktsentral (FMC - Fisheries Monitoring Centre) har sidan kravet til fangstdagbok vart innført mottatt mange henvendelsar frå fiskarar, og vil også framover kunne yte hjelp til fiskeflåten når det gjeld elektronisk rapportering, seier seniorrådgivar Jens Altern Watne ved FMC.

Les også: Elektronisk dagbok markert med kake 11.10.2010
Les også: – Sikrere med elektronisk rapportering 28.09.2010

– Små problem

Stort sett alle fiskarar har teke innover seg kravet om elektronisk rapportering og dei fleste har hatt få problem med systemet i løpet av innkøyringsperioden Fiskeridirektoratet la opp til.

– Fiskeridirektoratet vil likevel oppmode fiskarane til å ha sterkare merksemd knytt til returmeldingane dei får frå Fiskeridirektoratet, for å ha betre oversikt over meldingar som er sendt og mottatt, seier Watne.

Kan melde brot

Frå 15. januar handhevar Fiskeridirektoratet regelverket om elektronisk fangstdagbok slik:

  1. Brot på regelverket vil i første omgang medføre ei påpeiking (fram til 15. mars)
  2. Skriftleg åtvaring ved gjentekne brot
  3. Ved ytterlegare brot på regelverket, vil direktoratet vurdere å melde forholdet