Vil ikkje auke tobiskvoten for 2012

Tobis. Foto: Havforskningsinstituttet

Den førebelse tobiskvoten for 2012 er på 40 000 tonn i norsk sone. Elendig rekruttering to år på rad og nye toktresultat gjer at Havforskingsinstituttet rår frå å auka kvoten.

I kvoterådet frå instituttet heiter det også at områda 4, 5 og 6 (nord i den norske delen av Nordsjøen ) blir verande stengde. Det betyr at det er fiske i tre av dei seks tobisområda i norsk økonomisk sone, melder Havforskingsinstituttet.

Tobisen er en nøkkelart i Nordsjøen, og den vesle åleforma fisken er viktig mat for sjøfugl og ei rekkje fiskeartar. Danmark og Noreg dominerer i tobisfiskeriet, med Danmark som største aktør.

Tobisen vert i all hovudsak brukt til olje og mjøl. Fangstane låg over 800 000 tonn på heile 1990-talet, men sidan 2002 har dei vore markant lågare.

Ei rekkje tobisfelt i norsk sone har ikkje hatt fangstbare konsentrasjonar dei siste 10-12 åra. Noreg har sett i verk områdebasert forvalting for å byggje opp att dei historisk viktigaste tobisfelta. I fjor hadde det norske tobisfisket ein fangstverdi på 196 millionar kroner.

Les også: Anbefaler 40.000 tonn tobis i 2012 02.02.2012