Ikkje spreiing av miljøgifter frå Ålesundsfjordane

Del saken

Miljøgiftene som er påviste i Borgundfjorden og Åsefjorden, ser ikkje ut til å spreie seg til kystvatn og opne havområde utanfor Ålesund. Dette viser ei ny undersøking frå Klif.

For nokre år sidan blei det oppdaga høge konsentrasjonar av dei bromerte flammehemmarane HBCDD og deka-BDE i sjøbotnen i Borgundfjorden og Åsefjorden ved Ålesund.

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har no, i samarbeid med Mareano-programmet, undersøkt innhaldet av bromerte flammehemmarar i sediment i kysthavet rundt Ålesund, melder Klif.

Ikkje noko teikn til spreiing

Føremålet med den nye undersøkinga var å finne ut om miljøgiftene blir verande igjen i fjordane, eller om dei blir spreidde ut til kystnære farvatn og ut til ope hav.

Forskarane målte innhaldet av bromerte flammehemmarar i sediment henta frå seks lokalitetar langs Mørekysten. Det blei ikkje funne spor etter forureiningane ved tre av stasjonane. Ved dei tre andre stasjonane blei det funne svært små mengder som ikkje hadde følgjer for miljøet.

Undersøkinga har eit relativt lite omfang, men resultata tyder på at dei bromerte flammehemmarane ikkje blir spreidde direkte ut til økosystema i Norskehavet eller blir frakta vidare nordover til Lofoten og Barentshavet, opplyser Klif.

Skape betre miljø

– Det er godt nytt at forureiningane i Borgundfjorden og Åsefjorden ikkje viser teikn til spreiing ut av fjordane. Men forureiningane er uansett så alvorlege at dette er eit prioritert område i den nasjonale handlingsplanen for opprydjing i forureina sjøbotn, seier Ellen Hambro, direktør for Klif.

I 2012 blei det gjennomført miljøundersøkingar som vil gi eit godt grunnlag for å kunne utarbeide ein tiltaksplan for å skape betre miljø i fjordane ved Ålesund.

Tiltak mot bromerte flammehemmarar

Bromerte flammehemmarar er kjemikal som blir tilsette produkt for å gjere dei mindre brennbare. Dei er blant anna brukt i elektronikk, isolasjonsmateriale og tekstilar. Fleire av stoffa har vist seg å ha alvorlege skadeverknader for miljø og helse.

Her i landet er bromerte flammehemmarar funne i stigande mengder i både blod og morsmjølk. I naturen finn forskarane desse miljøgiftene blant anna i fisk, sjøfugl og sjøpattedyr.

Både i Noreg og andre land har styresmaktene sett i verk tiltak for å redusere eller bli kvitt utsleppa. Tre av dei farlegaste bromerte flammehemmarane (penta-, okta- og deka-BDE) er forbodne.

Les meir
Resultater fra analyser av sedimentprøver langs Mørekysten høsten 2012 (pdf)

Meir om Forureiningane i Åsefjorden

  • Ålesund er eit av dei prioriterte områda i den nasjonale handlingsplanen for opprydjing i forureina sjøbotn. I delar av Borgundfjorden er sedimenta sterkt forureina med tungmetall og organiske miljøgifter.
  • Åsefjorden, innarst i Borgundfjorden, og Ellingsøyfjorden er spesielt forureina av dei bromerte flammehemmarane HBCDD (heksabromsyklododekan) og deka-BDE (bromerte difenyletere).
  • Mattilsynet åtvarar mot å ete blåskjel, berggylte og krabber frå Åsefjorden ut til ei grense trekt mellom Åse og Humla. (Kjelde: Klif).