Regjeringa vil dekke til ubåtvraket

Statsbudsjettet: Regjeringa vil dekke til vraket av ubåten U-864 ved Fedje for å hindre framtidig kvikksølvforureining.

– Denne løysinga har lågast miljørisiko og er òg tilrådd av Kystverket og ei rekkje fagmiljø. I Statsbudsjettet for 2019 vert det sett av 30 millionar kroner slik at Kystverket kan starta arbeidet med tildekkinga, som er planlagt sluttført sommaren 2020, heiter det i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.

Heilt sidan vraket av U-864 vart funne i 2003 har det vore diskusjonar og ei rekkje utgreiingar om korleis ein best kan hindra forureining av kvikksølv frå lasta til ubåten. I 2014 gjennomførte Kystverket undersøkingar av vraket, som viste at arbeid på og nede i havbotn tett ved vraket vil kvervla opp og spreia sterkt forureina sediment utanfor det allereie forureina området. På bakgrunn av denne informasjonen heldt Kystverket fast på tidlegare anbefalingar om at både vraket av ubåten og den forureina havbotn burde dekkast til.

I januar 2014 vart det gjennomført eit forprosjekt for blant anna å undersøkja tilstanden til kvikksølvbehaldarane. Denne operasjonen viste at å heve lasta var ein svært komplisert og risikabel operasjon. Røynslene tilsa dermed på nytt at ein burde velja tildekking, skriv departementet.

I 2016 vart det etablert ei støttefylling for å stabilisera den rasutsette skråninga under baugseksjonen til vraket. Etableringa av støttefyllinga, som i prinsippet er same type operasjon som ei tildekking, viste at dette arbeide kan gjennomførast med kjend og vel utprøvd teknologi, og utan nemneverdig spreiing av forureining.

Vurdering av miljørisiko

Regjeringa har i vurderinga si lagt avgjerande vekt på dei røynslene som ein har gjort seg etter 2014. Ved val av løysing for U-864 er det lagt vekt på at Kystverket, med bistand frå ei lang rekkje fagmiljø og basert på vurderingar av miljørisiko, har gjeve ei klår fagleg anbefaling om tildekking.

Den kunnskapen som er innhenta sidan 2014 viser at tildekking har lågast miljørisiko under gjennomføring av tiltaket, samstundes som den effektivt vil hindra framtidig forureining, og dermed er det beste miljøtiltaket.

– Det har vore ein lang og vanskeleg avgjerdsprosess for å endeleg avgjera handteringa av U-864, og eg meiner ein no må gjera eit val. Det er brei fagleg tilslutnad til at tiltaket med minst risiko for miljøet er tildekking, difor vel regjeringa det, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Kystverket vurderer at ei tildekking vil sikra like god miljøkvalitet ved vraket som det typiske for nordlege del av Nordsjøen. Den vil dekke eit område på totalt 47 000 kvadratmeter. Dette omfattar både vraket, det forureina området ved vraket på 30 000 kvadratmeter og ei buffersone mot rein havbotn på 17 000 kvadratmeter. Tildekkinga vil byggjast opp for å tola alle relevante påkjenningar – inkludert 10 000-års jordskjelv. Dette skal sikra ei miljømessig trygg og forsvarleg løysing, ved at ein etablerer ein solid og permanent isolasjon av kvikksølvforureininga i og ved vraket av U-864.

Overvaking av kvikksølvforureining i fisk og skaldyr nær vraka – som har vore i gang sidan 2004 – viser at det i dag ikkje er fare for mattryggleiken. Analysane viser at fisk i området ofte har kvikksølv frå andre kjelder enn ubåten, noko som understrekar det faktumet at små mengder av kvikksølv finst overalt i miljøet.

Heving av kvikksølvlast ikkje tilrådd

Det har òg vore diskutert å heva delar av lasta etterfølgt av tildekking. Kystverket vurderer at dette medfører vesentleg større risiko for spreiing av forureina sediment enn ved ei tildekking. Dette fordi kvikksølvbehaldarane frå lasta ikkje ligg oppå sjøbotnen, men nede i forureina sediment utanfor vraket og i kjølen til vraket - som ligg nede i ekstremt forureina sediment. Ein stor operasjon på og nede i havbotnen for å få kvikksølvbehaldarar ut frå kjølen til vraket og for å finna behaldarar utanfor vraket vil medføra at dei forureina sedimenta vert oppkvervla og spreidde.

Vidare framdrift

For 2019 vert det sett av 30 millionar kroner på budsjettet til Kystverket til prosjektering, anbodskonkurranse og førebuande arbeider for tildekkinga. Sjølve tildekkinga er planlagt sluttført sommaren 2020.