Kjøper du fisk og skaldyr frå privatpersonar?

Taskekrabbe. Illustrasjonsfoto: Fiskeridirektoratet

Det skjer eit nokså omfattande ulovleg sal av sjømat i lukka grupper på Facebook og på Finn.no.

Det skriv Fiskeridirektoratet på sine nettsider.

Alt sal av fisk og skaldyr skal vere godkjent av eit salslag, og det er krav om særskilt løyve frå salslaga til å drive sal direkte frå fiskar til forbrukar.

– Desse reglane er der for at du som forbrukar skal vere sikker på at sjømaten du kjøper er berekraftig fangsta, seier Per Sandberg i Fiskeridirektoratet.

Finn ut kven som er godkjend kjøpar/seljar

For sal av fisk går det eit tydeleg skilje mellom fritidsfiske og yrkesfiske. Dersom båten ikkje er registrert i fartøyregisteret, vert du rekna som fritidsfiskar, og kan maksimalt omsette for 50 000 kroner i året. Omsettinga skal alltid skje gjennom eit fiskesalslag eller ein godkjend kjøpar.

Oversikt over kven som er godkjende kjøparar, finn du i kjøparregisteret. Dersom du har fått dispensasjon frå ditt salslag til å selje fangsten ved kai, skal du vere registrert i kjøparregisteret.

Du kan kontakte Fiskeridirektoratets regionkontor der du bur eller fiskesalslag for meir utfyllande informasjon, om korleis du som fritidsfiskar kan selje fangsten din.

Fiskeridirektoratet treng gode data for å forvalte godt

Det er fleire grunnar til at Fiskeridirektoratet er så opptekne av at all fangst skal registrerast, skriv direktoratet:

  • Når vi ikkje veit kor mykje vi hauster, har vi heller ikkje gode nok data til å setje rette kvotar, slik at vi kan bevare og byggje opp fiskebestandar langs kysten vår.
  • Den som omset sjømat ulovleg (svart omsetting), betalar i mange tilfelle ikkje skatt av inntekta. Dette er uheldig for samfunnsøkonomien.
  • Svart omsetting av sjømat gjev ulike konkurranseforhold. Det går ut over dei som lever av å fiske, og som er avhengige av denne inntekta.


– Det er veldig viktig at vi veit kor mykje som vert fiska og fangsta. Berre slik kan vi best mogleg ta vare på dei ulike fiskeslaga og skaldyrbestandane for framtida. Difor har vi reglar for både yrkesfiskarar og dei som fiskar til eige bruk. Brot på reglane kan føre til at du får fangsten inndregen, at du vert bøtelagt eller meld til politiet, seier Åse Berge ved kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Reglane gjeld for sal av all sjømat; både fisk, skjel og skaldyr.

Kvar er fisken fanga?

Kjøper du sjømat i butikken, veit du at maten er trygg, skriv Fiskeridirektoratet. Har du fiska til eige bruk er det du som fiskar og konsument som har ansvaret for kvaliteten og for at fisken er trygg å ete. På Matportalen kan du lese om mat og helse, og finne ut om du skal unngå fisk og skaldyr frå bestemte sjøområde.