EU lovar meir tverrfagleg havforsking

Del saken

Ei tverrtematisk tilnærming er den beste måten å løyse marine og maritime forskingsutfordringar på, meiner Europakommisjonen.

Dei lovar difor at det kjem fleire store tverrtematiske utlysingar i framtida, melder Forskingsrådet.

Relaterte saker

- Den store utlysinga "Ocean of Tomorrow" er det første av mange slike framtidige prosjekt. Det løftet kjem frå Joe Borg og Janez Potočnik i Europakommisjonen.

Fagmiljøa har pressa på for å få uttalte løfte frå Kommisjonen om at det blir store "Ocean of Tomorrow"-utlysingar også neste år, men fullt så konkrete er ikkje kommisærane i sine utspel. Dei gjer det likevel tydeleg at tverrfagleg havforsking vil vera prioritert i EU-forskinga i åra som kjem.

Norge spesielt interessant

I år presenterte Europakommisjonen for første gong breie tverrtematiske utlysingar på det marine og maritime området. Det skal forskast på Arktis, forandringar i livet i havet, og på karbonfangst og -lagring.

- I dag viser vi kor langt vi er komne, for alle veit jo at framtida ligg i tverrfagleg forsking, seier fiskeri og havkommisær Joe Borg.

Kommisærane nemner spesielt EU si aukande interesse for Arktis, og understrekar at Noreg er spesielt viktig for Den europeiske uninonen, på grunn av nærleiken til nordområda.

Internasjonal satsing

Dei to representane frå Europakommisjonen framhevar at europeisk og globalt ansvar må takast på alvor når ansvarsområda bokstaveleg talt flyt inn i kvarandre.

- Handlingar i eitt medlemsland får konsekvensar for havet i dei andre landa, så dette må vera eit prioritert internasjonalt satingsområde, understrekar forskingskommisjonær Janez Potočnik. 

Mot ny månelanding

- Marin og maritim forsking er like utfordrande som romteknologi, seier dei to.

No skal dei samle saman den beste ekspertisen på dei marine og maritime områda i EU-forskingsregi, slik at det blir opna opp for ny kunnskap og nye perpektiv på havet.

Og slike løfte kan vi rekne med at vil få konsekvensar for framtidige utlysingar av forskingsmidlar frå EU, trur Forskingsrådet.