– Kan krevje 50 mill. av Havforskingsinstituttet

Ein oppdrettslokalitet tilhøyrande konkursråka Nærøysund AS. Foto: Nærøysund AS

Flora: Torskeoppdrettar Karl-Petter Myklebust førebur eit gigantkrav mot Havforskingsinstituttet, etter konkursen i Nærøysund AS i haust.

Det var den 2. oktober 2009 at Nærøysund AS (tidlegare Nærøysund Matfisk AS) slo seg konkurs etter 20 års drift.

Årsaka for konkursen vart då opplyst å vere eit tap på 50 millionar kroner, som eit resultat av bakterien francisella sine herjingar på fisken i anlegget.

– Det totale tapet for oppdrettsselskapet Nærøysund AS er på 50 millionar kroner, og det vert det sannsynlege kravet. Det seier tidlegare dagleg leiar og storaksjonær Karl-Petter Myklebust, til Bergens Tidene i dag, i følgje NRK Sogn og Fjordane.

Les også: Beklager konkurs i Nærøysund 06.10.2009

Les også: Nærøysund konkurs 02.10.2009

– Smitta fiskeyngel

Myklebust meiner Havforskingsinstituttet har skulda for konkursen.

Myklebust hevdar at han kan dokumentere at smitten kom frå stamfisk frå anlegget til Havforskingsinstituttet, som leverte yngelen.

Vil forfølgje kravet

Sparebanken Sogn og Fjordane er største kreditor i konkursbuet, med eit lån på 36 millionar til Nærøysund AS. Sparebanken konsentrere seg no om å få seld unna fisk.

Dei vil i neste omgong forfølgje kravet mot Havforskingsinstituttet.

Første skiftesamling i kjølvatnet av konkursen, vert halde i Fjordane Tingrett i dag.