Tidlegare fiskeriminister Svein Munkejord set spørsmålsteikn ved at både fiskeriministeren og fiskeridirektøren har eigardelar i oppdrettsanlegg.
For 10 år sidan vart ein fungerande regiondirektør i Fiskeridirektoratet fjerna, fordi han hadde eigardelar i eit fiskefartøy. Den gongen var det habilitetsreglane som gjorde at han ikkje kunne halde fram i jobben.
– No når både fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen og fiskeridirektør for heile landet, Liv Holmefjord, har eigardeler i kvart sitt oppdrettsanlegg, er det grunn til å sjå på om habilitetsreglane har blitt endra.
Det seier tidlegare fiskeriminister i Syse-regjeringa, Svein Munkejord, til NRK Rogaland.
Les også: Fiskeridirektørens habilitet kreves vurdert 23.11.2009
Les også: Krever redegjørelse fra Berg-Hansen 21.11.2009
Den øvste leiinga får sitte
– Her står me altså overfor dei to øvste myndigheitspersonane innanfor fiskeri og havbruksforvaltninga i Noreg, som begge to er tungt inne på eigarsida i oppdrett. Utan at det verkar som dei same habilitetsforholda ser ut til å ha tilsvarande vekt som dei hadde på regiondirektørnivå, seier Munkejord.
Fiskeriministeren har avvist å selje eigardelane ho har i det familieeigde oppdrettsselskapet Sinkaberg-Hansen AS.
– Dette er for enkelt. Ein må velje mellom dei rollane ein skal ha, seier Munkejord.