Optimisme på SAD-møte

CANADA: Salmon Aquaculture Dialogue held denne veka møte om ein ny internasjonal miljøstandard for oppdrett av laksefisk.

Trass i svært ulike meiningar er det håp å spore rundt diskusjonen om ei eiga sertifiseringsordning for oppdrettslaks. Denne veka er interesser frå heile verda samla i Saint John i Canada, melder Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL).

– Dette er nybrotsarbeid. Vi har svært ulike meiningar i forsamlinga, men eg trur det er mogeleg å sameinast.

Det seier Trygve Berg Lea frå Skretting. Han sit i styringsgruppa for Salmon Aquaculture Dialogue og har vore med sidan starten i 2004.

Den 3. oktober gjekk fristen ut for å levere inn høyringssvar på standarden, som vart sendt ut på høyring tidlegare i år. Møtet i Canada har kome i stand for å sjå om det er mogleg å kome vidare i dialogen.

– Høyringssvara som ligg på bordet sprikar i alle retningar. Formålet her er å sjå om det er mogeleg å kome vidare, seier Lea.

– Frisk laks og eit godt produkt

– Eg er optimistisk. Dette handlar eigentleg om å lage ein standard som seier ja til friske anlegg og eit godt produkt. Kven kan eigentleg vere i mot det, spør Berg Lea.

Møtet i Saint John, på austkysten av Canada, samlar folk frå Skottland, Chile, USA, Noreg, England og vertslandet. I løpet av to dagar skal både oppdrettarar, forskarar, naturvernarar og styresmakter diskutere utkastet til standard.

– Fleire har endra syn

Også direktør for miljø i FHL, Aina Valland, er optimistisk.

– Det er særs spennande å ta del i diskusjonen. Sjølv om standarden som no ligg på bordet ikkje er til å leve med for oss, er det mogeleg å diskutere vegen vidare, seier Valland.

– Det kom fram i møtet at fleire har endra syn på oppdrett, fordi dei gjennom prosessen har lært meir om næringa. Dette viser at slik dialog er nyttig og viktig, legg Valland til.

Etter den opne høyringa måndag og tysdag denne veka, vil styringsgruppa oppsummere diskusjonen i eige styremøtet resten av veka. Eit nytt utkast til standard vert truleg sendt ut på ny høyring om nokre månader, opplyser FHL.

Les også:
Reagerer på FHLs holdning 06.10.2010
FHL sier nei til ny laksestandard 01.10.2010