Salmon Group støttar 200.000-regelen

Salmon Group meinar regelen om maksimalt 200.000 fisk pr. merd kan vere eit klokt tiltak for å avgrense skaden når uhellet er ute.

Nettverket av lokaleigde oppdrettarar, er samla sett landets tredje største oppdrettsaktør. Ingen av oppdrettarane i grupperinga har i dag så store konsentrasjonar av fisk. Det er først og fremst dei store selskapa i Trøndelag som blir påverka av ein slik regel.

Tidlegare har Salmon Group åtvara mot oppkonsentrasjonar av fisk, slik Gullestad-utvalet føreslo i sitt framlegg om produksjonsområde. Den nye grensefastsetjinga tydar på at styresmaktene no innser desse problemstillingane, både når det gjeld rømming og smittepress, skriv Salmon Group AS i ei pressemelding.

Det som no må skje vidare, er at vi får ei raskare avklaring av nye, eigna lokalitetar, slik at ein kan drive i den forma som det nye regelverket legg opp til, heiter det i meldinga.

Les også: – Feil medisin mot rømming 20.12.2011
Les også: Innfører tak på 200.000 fisk per merd 20.12.2011