Vil oppheve soneforskrift for VHS

Del saken

Høyring: Forslag til oppheving av soneforskrift for VHS i Storfjorden på Sunnmøre.

Mattilsynet har sendt ut forslag om oppheving av «Forskrift 2009-03-17 nr 316 om kontrollområde for forebygging, begrensning og utrydding av hemorrhagisk virusseptikemi (VHS) hos fisk i Storfjorden, Møre og Romsdal» ut på høyring.

Mattilsynet meiner at det ikkje lenger er grunn til å rekna med auka risiko for påvising av eller utbrot av VHS i kontrollområdet. Ekstra overvaking og kontroll er kostbart og arbeidskrevjande både for oppdrettsverksemd og Mattilsynet. Forskrifta bør difor opphevast, føreslår Mattilsynet.

Høyringsfristen er sett til 2. april 2012.

Les også: Helsesituasjonen hos laksefisk 2009 16.02.2010
Les også: VHS-virus i vill- og oppdrettsfisk i Norge 30.11.2009