- Avgrensing i strid med EØS-avtalen

Del saken

Den norske eigarskapsavgrensinga innan fiskeoppdrett, er i strid med EØS-avtalen, meiner ESA.

- Norske reglar som set forbod mot majoritetseigarskap i meir enn 25 prosent av konsesjonane for oppdrett av laks og aure, er i strid med EØS-avtalen sine reglar om den frie etableringsretten.

Dette er den førebelse konklusjonen i eit formelt opningsbrev som EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, sende til norske styresmakter sist veke, melder EFTA.

ESA handsamar saka etter ei klage frå Marine Harvest ASA, som ønskjer å vekse i Noreg, og som meiner at eigarskapsavgrensinga er i strid med EØS-avtalen. Fiskeri- og kystdepartementet meiner derimot at avgrensinga er i samsvar med avtalen.

Les også: - I tråd med EØS-avtalen 02.11.2010
Les også: Marine Harvest ønsker å vokse 12.10.2010

- Eigarskapstak i strid med etableringsretten

Ei forskrift til den norske akvakulturlova krev at erverv som leier til majoritetskontroll over meir enn 15 prosent av alle konsesjonar for lakse- og aureoppdrett, må godkjennast av Fiskeri- og kystdepartementet. Alle erverv som fører til majoritetseigarskap i meir enn 25 prosent av alle tilegjengelege lakse- og aurekonsesjonar er forbode.

Gjennom å komplisere eller hindre eigarskap som går utover desse taka, vert det mindre attraktivt å nytte seg av den frie etableringsretten. ESA konkluderer difor med at dei norske eigarskapstaka er i strid med etableringsretten.

- Ikkje godt nok godtgjort behov for unntak

Sjølv om ESA er samd med Noreg i at distriktspolitiske omsyn kan rettferdiggjere restriksjonar, meiner ESA at det ESA oppfattar som restriktive eigarskapsavgrensingar, ikkje tilfredsstiller kravet til samhøve mellom restriktive verkemiddel og legitime målsetnader.

Noreg har ikkje i tilstrekkeleg grad godtgjort at eigarskapsavgrensingane er eigna og naudsynte for å realisere dei legitime distriktspolitiske omsyna som Noreg har fremja, meiner ESA. Ein målsetnad om ein særleg næringsstruktur, til dømes eit mål om ei blanding av små, mellomstore og store verksemder, er i seg sjølv eit reint økonomisk omsyn som ikkje kan tene til å rettferdiggjere unntak frå dei grunnleggande fridomane etter EØS-avtalen, meiner ESA.

Eit formelt opningsbrev er det fyrste steget i traktatbrotsprosedyren. Noreg vert gjeve ein frist på to månader til å svare på innhaldet i opningsbrevet. Etter dette vil ESA vurdere å sende ei grunngitt fråsegn, det siste steget før ei eventuell domstolshandsaming.