Det skjer om regjeringa får gjennomslag for sine planar om å samle Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) og Havforskingsinstituttet til eitt institutt frå 1. januar 2018.
– Det er venta ein sterk vekst innan marin sektor i åra framover. Det aukar behovet for meir kunnskap og fagleg samspel. Med det nye instituttet etablerer vi eit breiare og meir konkurransekraftig forskingsinstitutt, også internasjonalt, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP) i ei pressemelding.
Saman skal NIFES og Havforskingsinstituttet utvikle vidare det faglege kunnskapsgrunnlaget frå hav til mat. Dei har i dag ulike, men komplementære oppgåver. Det nye instituttet skal leggje betre til rette for tverrfaglege prosjekt der havmiljø, havstraumar, fiskeernæring og førekomsten av uønskte stoff i sjømat sjåast i samanheng. Instituttet skal òg utvikle vidare kunnskapsgrunnlag gjennom auka samspel om fag, infrastruktur og drift.
NIFES og Havforskingsinstituttet er lokaliserte i nærleiken av kvarandre i Bergen. Det er allereie ein prosess i gang som vurderer ei mogeleg samlokalisering av marine forskingsmiljø i Bergen.
Både NIFES og Havforskingsinstituttet er nasjonale rådgivande forskingsinstitutt underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. NIFES er ansvarleg for langtidsovervaking av uønskte stoff og næringsstoff i villfisk, oppdrettsfisk, skaldyr, fôr, fôrressursar og sjømatprodukt i Noreg. Havforskingsinstituttet sitt samfunnsoppdrag er å skaffe kunnskap og gi råd for ei berekraftig forvalting av dei marine ressursane i økosystema, og ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa.