Omega-3 påverkar effekten av miljøgift

Laks i oppdrettsmerd. Foto: Havforskningsinstituttet

Ole Jakob Nøstbakken har teke doktorgraden med ei avhandling om interaksjonen mellom omega-3 feittsyrer og miljøgifta metylkvikksølv i laks.

Ole Jakob Nøstbakken disputerte måndag 19. desember 2011 for ph.d- graden ved Universitetet i Bergen (UiB), med avhandlinga: «Interactions between marine n-3 fatty acids and methylmercury, in Atlantic salmon (Salmo salar)».

Fisk inneheld mange næringsstoff som kan fremja god helse, men fisk kan også innehalde miljøgift. Debatten kring fisk som anten helsebringande sunn kost, eller potensiell farleg giftkjelde, dreier seg ofte om mengda inntak av miljøgift både hjå fisken, og deretter i konsumenten. Men det er ikkje nødvendigvis slik at næringsstoff og miljøgift har kvar sin spesifikke effekt, derimot har samspelet mellom desse to, og korleis dei påverkar kvarandre fått aukande merksemd i vitskapleg litteratur, skriv UiB i ei pressemelding.

Miljøgifta metylkvikksølv

Miljøgifta metylkvikksølv er ein særskilt toksisk variant av kvikksølv. Nøstbakken har undersøkt korleis dei marine omega-3 feittsyrene, DHA og EPA, kan påverke verknaden av metylkvikksølv i cellekultur. Når programmert celledød (apoptose) vart målt etter eksponering for metylkvikksølv, synte det seg at feittsyra DHA auka, medan EPA reduserte celledød som følgje av metylkvikksølv. Vidare undersøkingar av molekylære mekanismar synte at effekten av DHA truleg har samanheng med auke i oksidativt stress, medan EPA sannsynleg beskyttar cellene gjennom effektar på kalsiumreguleringa i cellene. Også fleire interaksjonar mellom næringsstoff og metylkvikksølv vart observert i studien.

Nøstbakken sine resultat kan vere med på å auke merksemda rundt interaksjonar mellom næringsstoff og miljøgift. I tillegg legg studien eit grunnlag for betre evalueringar av samspelet mellom miljøgift og næringsstoff i fisk, og korleis dette kan påverke mattryggleik.

Personalia

Ole Jakob Nøstbakken vart fødd i 1981 på Bømlo. Han fekk sin BSc. i bioingeniørfag frå Høgskolen i Bergen (2005), og MSc. i molekylærbiologi frå Universitet i Bergen (2007). Arbeidet som resulterte i ph.d.-graden har vorte utført ved NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning) (2008-2011) og Molekylærbiologisk institutt, Universitetet i Bergen.