Mager fisk gir omega 3

Illustrasjonsbilde: Tilberedt rett med torsk. (Foto: Frederike Arndt for Norges sjømatråd).

Magre fiskeslag er ei undervurdert kjelde til omega 3, viser ein ny studie.

Laks, sild, makrell – feit fisk er frå før kjente kjelder til omega 3. Ein ny studie dokumenterer no at det også kan vere gode grunnar til å legge torsk og sei på tallerkenen.

– Vi tenkjer på fisk generelt som sunt. Men strengt tatt har vi ikkje så mykje dokumentasjon på at mager fisk er bra for helsa, seier forskar ved NIFES, Lisbeth Dahl, i ei pressemelding.

Den nye studien, publisert i tidsskriftet Lipids, er dermed blant dei første kosthaldsundersøkingane som viser at også mager fisk kan tilføre oss DHA, ei av dei viktige omega 3-feittsyrene. DHA er særleg viktig for at hjerne og auge skal utvikle seg og fungere optimalt.

Torsk vs. laks

I forsøket fekk 30 friske vaksne menn og kvinner mellom 20 og 40 år eit måltid torsk, laks eller potet (kontroll) på 150 gram kvar dag i 14 dagar. Analysar av blodprøver etter forsøket viste ein vesentleg auke av DHA i blodet hos begge grupper. I tillegg vart innhaldet av feittstoffet triglyserid i blodet redusert i begge fiskegrupper.

– Undersøkinga viser at ein kan auke innhaldet av omega-3 feittsyra DHA i blodet ganske raskt ved å ete mager fisk. Men det viktigaste er framleis å ete variert, og få i seg både feit og mager fisk, seier Dahl.

Studien er gjennomført ved Senter for kontrollerte koststudiar ved Høgskolen i Oslo og Akershus i samarbeid med NIFES og Folkehelseinstituttet. Denne delen av studien er en del av doktorgradsprosjektet til Vibeke Telle-Hansen i samarbeid med Akershus Universitetssykehus og Universitetet i Oslo.

Referanse:
«Daily Intake of Cod or Salmon for 2 Weeks Decreases the 18:1n-9/18:0 Ratio and Serum Triacylglycerols in Healthy Subjects».
https://link.springer.com/article/10.1007/s11745-011-3637-y
https://doi.org/10.1007/s11745-011-3637-y