Tilrår tildekking av ubåtvraket

Del saken

KS1-rapport tilrår tildekking av U-864 framfor heving. Dersom ein av politiske årsaker ikkje vil gå for dette alternativet, tilrår rapporten heving av lasta og tildekking av vraket.

Metier AS og Møreforsking Molde AS har på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet og Finansdepartementet gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS1) av Kystverket si utgreiing om dei ulike alternativa for den vidare handteringa av vraket av U-864 ved Fedje i Hordaland.

På bakgrunn av at kvalitetssikringa av hevingsalternativet som då låg føre, avdekka betydelege svake sider, bestemte regjeringa i mars 2010 å greie ut heving av vraket av U-864 grundigare. Kystverket fekk i oppdrag å gjennomføre ei utgreiing av ulike alternativ for handteringa av U-864, ei såkalla konseptvalutgreiing.

Les også: Heving skal utredes grundigere 05.03.2010
Les også: Fraråder videreføring av ubåtprosjektet 16.12.2009

Rapport overlevert til Berg-Hansen

Rapporten vart i dag presentert for og overlevert til fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Følgjande alternativ er utgreidde: nullalternativet, tildekking, heving, kombinasjon av heving og tildekking og kombinasjon av heving og mudring. Denne utgreiinga har no vore gjennom ei obligatorisk ekstern kvalitetssikring.

- Eg vil no setje meg grundig inn i denne rapporten. Regjeringa vil så på eigna måte orientere Stortinget om den vidare prosessen, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Alternativanalyse og anbefaling om konseptval

Det er gjennomført ei rangering av tiltaksalternativa ut frå kostnader og miljørisiko på kort- og lang sikt.

Nullalternativet vert forkasta då det vert peika på at det allereie er vesentleg med ureining i botnsedimenta ved vraket, og konkludert med at nullalternativet ikkje vil oppfylle fastsette miljømål. Ut frå rangeringa vert det anbefalt å gå for alternativ 1) Tildekking.

- Skilnadane mellom alternativa både med omsyn til den kortsiktige miljørisikoen og kostnadane, er av ein slik storleik at rangeringa er robust, heiter det i rapporten.

Dersom ein av politiske årsaker ikkje ønskjer å nytte tildekking som løysning, bør ein prinsipielt ikkje velje alternativa 2 og 3 heller. Desse alternativa omfattar tildekking av det resterande kvikksølvet som blir igjen etter heving av vrak eller last, vurdert til 5-40 prosent av totalen, heiter det vidare.
 
Alternativa 2 og 4A, som innebere heving av vraket, rangerast på høvesvis tredje- og femteplass, og må sjåast som uaktuelle. Dette fordi heving av last (alternativ 3 og 4B) vil vere betre alternativ både miljømessig og kostnadsmessig, vert det konkludert i rapporten.

Les meir
•  Kvalitetssikring fase 1 (KS1 –Konseptvalg) av Håndtering av U-864 - Rapport (pdf)
•  Presentasjon KS 1 U-864 (pdf)

Relaterte artiklar
•  Lite kvikksølv i sjømat ved ubåtvraket 17.01.2012
•  - Ubåtsmekk til Fiskeriministeren 21.05.2010
•  Lloyd`s godkjente hevingsplan for U-864 06.05.2010
•  Tilbyr prisgaranti for heving av U-864 19.03.2010
•  Mammoet reagerer på utsettelse 08.03.2010
•  - Ensidig rapport om U-864 18.12.2009