Sukker hindrar sunn effekt av omega-3

Fiskeolje er sunt og kan bidra til å redusere overvekt. Men sukker i kosten kan redusere effekten.

Ei skei tran om morgonen eller ein liten pille. Så eit glas juice og ei skive med brunost: Ein vanleg måte å starte dagen på, men ein dårleg start dersom det er den overvektreduserande effekten av fiskeolje ein er ute etter. Det viser nye forskingsresultat frå NIFES.

Desse resultata, som er basert på forsøk med dyr, tyder også på at sukker hindrar fiskeoljen si evne til å redusere feittstoff i blodet, melder NIFES.

– Når du har sukker i dietten, oppfører omega 3 seg som kva feittsyre som helst. Sett på spissen: For effekten sin del kan du like gjerne ta ei skei smør som ei skei tran, seier forskar Lise Madsen.

Les også: – Hold fiskeoljen borte fra sukker 19.11.2009

Protein betre

Forsøk på mus viste at dei som fekk sukker i kombinasjon med fiskeolje la på seg i vesentleg grad. Dette var ikkje tilfelle for mus som vart fôra med fiskeolje i kombinasjon med protein. Dess meir protein det var i dietten, dess meir effekt hadde fiskeoljen.

– Tidlegare studiar på rotter og mus har vist at fiskeolje, som inneheld sunne feittsyrer som omega 3, kan bremse utviklinga av feitleik. Det vi no har vist, er at denne effekten blir oppheva dersom ein har sukker i dietten, seier Madsen.

Så langt tyder resultata på at det er det samtidige inntaket av sukker og fiskeolje som er uheldig.

Forskarane understrekar at omega-3 uansett har fleire positive effektar på helse, i tillegg til den feitleiksreduserande effekten.

Tidlegare har forsking ved NIFES vist at sukker i kombinasjon med ulike feittkjelder fører til overvekt.

Høg glykemisk indeks

I dei nye forsøka ha forskarane sett på korleis ulike karbohydrat, deriblant sukker, verkar i kombinasjon med fiskeolje.

– Vi såg at sukker førte til feitleik. Og dess meir protein det var i dietten, dess betre effekt hadde fiskeoljen, seier Madsen.

Karbohydrat aukar insulinnivået, og dess høgare såkalla glykemisk indeks karbohydrata har, dess høgare blir insulinnivået i blodet. Insulin spelar ei sentral rolle i lagringa av energi i kroppen, hovudsakleg som feitt.

Forsøka som er gjort ved NIFES er del av eit større forskingsprosjekt på fiskeolje og feitleiksreduksjon der instituttet samarbeider med Universitetet i København, Universitetet i Bergen og Beijing Genomic Institute.