Lite framandstoff i norsk oppdrettsfisk

Det er låge konsentrasjonar av medisinrestar og andre uønskte stoff i oppdrettsfisk, viser ny rapport. Men det var funne restar av ulovleg kloramfenikol i ei prøve av laks.

NIFES gjennomfører årleg overvaking av norskprodusert oppdrettsfisk på oppdrag for Mattilsynet. Rapporten for 2010 viser at restar av medisinar, uønskte mikroorganismar, tungmetall og andre miljøgifter berre er å finne i svært låge konsentrasjonar, melder NIFES.

– Konsentrasjonen av dei fleste legemiddel som det er undersøkt for, låg under deteksjonsgrensa, grensa for det som er råd å påvise. Ingen andre framandstoff, som kadmium, bly og kvikksølv, vart funne i konsentrasjonar over øvre grenseverdiar. Dette samstemmer med det som er funne tidlegare, seier forskar ved NIFES, Anne-Katrine Lundebye Haldorsen.

– Overvakinga dokumenterer god sjømattryggleik med tanke på medisinrestar og andre framandstoff i oppdrettsfisk, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

Restar av kloramfenikol

Det vart funne restar av kloramfenikol i ei prøve av laks (av 194). Kloramfenikol er ein type antibiotika som ikkje er godkjent til bruk for matvareproduserande dyr, fisk inkludert. Kjelda er ikkje kjent. Det vart ikkje funne andre ulovlege stoff.

Analysane viser elles at konsentrasjonane av antioksidantane ethoxyquin, BHT og BHA, som blir brukt i fiskefôr, var lågare enn tidlegare år. EU har ingen grensverdi for desse stoffa i mat av animalsk opphav.

Rapporten for 2010 bygger på analysar av cirka 90 stoff (lovlege stoff, ulovlege stoff og miljøgifter). Talet på fisk som vart analysert varierte frå 45 til 1585, avhengig av stoff.

Overvakingsprogrammet har sidan 2003 blitt gjennomført etter krav frå EU (direktiv 96/23) som pålegg styresmaktene å kartlegge framandstoff i mat- og råvarer frå dyr. Mattilsynet har ansvaret for prøvetaking og gjennomføring i Noreg. NIFES har ansvaret for analysar av den delen av programmet som omfattar oppdrettsfisk.

Les også: God sjømattrygghet med oppdrettsfisk 29.04.2011

Les også: Ikkje restar av legemidlar i oppdrettsfisk 16.03.2010