Trygg sjømat i Førdefjorden

Mattilsynet har undersøkt sjømaten i Førdefjorden før det eventuelt kjem eit sjødeponi for gruveavfall. Resultata viser at fisk og skjell i dag har låge nivå av miljøgifter. Foto: Simo Räsänen

Mattilsynet har kartlagt nivået av miljøgifter i fisk og sjømat i Førdefjorden i Sogn og Fjordane før det eventuelt vert oppretta eit sjødeponi med gruveavfall.

– Kartlegginga viser at fisk, blåskjel og kreps i har låge nivå av miljøgifter og er trygg å ete, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

Det føregår både fiske og fiskeoppdrett i den 36 kilometer lange fjorden i Sunnfjord. I 2007 vart Førdefjorden nasjonal laksefjord av omsyn til laksebestanden i lakseelvane Nausta og Jølstra.

– Viktig med ei null-måling

I 2015 ga regjeringa løyve til gruveverksemd i Engebøfjellet i Naustdal kommune, og deponering i Førdefjorden.

– Det er viktig i seg sjølv å vite tilstanden for sjømaten i fjorden. Men ekstra viktig har det vore å få greie på det før det eventuelt vert oppretta eit sjødeponi for gruveavfall. No kan seinare undersøkingar syne om utslepp påverkar mattryggleiken eller ikkje, seier Elisabeth Wilmann, direktør for fisk og sjømat i Mattilsynet.

Lite miljøgifter

Havforskingsinstituttet har på oppdrag frå Mattilsynet undersøkt brosme, torsk, sjøkreps og blåskjel for ulike miljøgifter som kvikksølv, kadmium og dioksinar med meir.

Mattilsynet opplyser at nivåa av framandstoff i dei undersøkte prøvene var stort sett relativt låge. Blåskjela var ubetydeleg til lite forureina. I lever frå fisk, samt i brunmat frå krabbar og kreps, fann forskarane både tungmetall og organiske miljøgifter.

Nivåa av organiske miljøgifter overskreid grenseverdiar i nokre av fiskeleverane frå torsk og alle levrane frå brosme. Filetane frå 21 av 59 brosmer overskreid grenseverdien for kvikksølv i filet,

– Desse overskridingane heng meir saman med art enn med stad. Dette er vanlege observasjonar langs norskekysten og for brosme også i ope hav, seier Wilmann.

Mattilsynet har difor ei generell åtvaring mot å ete fiskelever frå sjølvfanga fisk frå kystområda.

Les rapporten: Basisundersøkelse av fremmedstoff i sjømat i Førdefjorden 2019