Har kartlagt miljøgifter i tre nye fiskeslag

Foto: Erling Svensen (lyr og breiflabb) og Eivind Senneset (raudspette) / Havforskingsinstituttet

Forskarar har for første gong kartlagt innhald av miljøgifter i norsk breiflabb, lyr og raudspette. Ingen av fiskane hadde nivå av framandstoff over grenseverdiane i fileten.

Det melder Havforskingsinstituttet på sine nettsider.

448 raudspette, 315 breiflabb og 295 lyr vart analysert for framandstoff i filet og lever i perioden 2016–2019. Prøvane var samla langs Norskekysten og i Nordsjøen ved hjelp av kystreferanseflåten, andre fiskarar og tokt.

Kartlegginga var gjort på oppdrag for Mattilsynet. Nivåa var stort sett låge og under grenseverdiane som gjeld ved omsetjing av mat.

Mest kvikksølv i breiflabb

– I filet av breiflabb fann vi litt høge nivå av kvikksølv. Dei høgste nivåa finn vi her langs kysten av Vestlandet, men nivået er ikkje over grenseverdien, seier forskar Sylvia Frantzen, som har leia arbeidet med den nye rapporten.

Breiflabbane frå Vestlandet hadde kvikksølvnivå på rundt 0,4 mg per kilogram våtvekt i snitt, godt under grenseverdien som ligg på 1 mg/kg. For dei fleste andre fiskeslag er grenseverdien for kvikksølv 0,5 mg per kilo.

Generelt fann forskarane høgare konsentrasjonar av framandstoff i breiflabb og lyr frå Sør-Noreg enn frå Nord-Noreg. For raudspette såg dei ikkje det same mønsteret, blant anna fordi raudspettene tatt i nord var større.

Ver forsiktig med fiskelever

I lever av breiflabb og lyr fann forskarane konsentrasjonar av dioksin og dioksin-liknande PCB og PCB6 over grensene som er sett for lever av fisk.

På grunn av tidlegare funn, åtvarar Mattilsynet generelt mot å ete fiskelever frå kystområda. Gravide, ammande og barn er åtvara mot å ete fiskelever uansett fangstområde.

Elles var det ingen prøvar av filet som hadde konsentrasjonar av kvikksølv, kadmium, bly, dioksin, dioksin-liknande PCB eller PCB6 over grenseverdiar.

– Viktig å få dokumentasjon

– Vi har jobba oss nedover på lista over norske fiskeslag i kartleggingsprogrammet til Mattilsynet. Dette er ikkje dei viktigaste kommersielle artane, men det er viktig å få dokumentasjon på dei, for det kjem stadig spørsmål både frå næringa og forbrukarar om kva som er trygt å ete og ikkje, seier Frantzen. Spesielt breiflabb har det vore lite data på tidlegare, legg ho til.

Forskarane har også kartlagt verdiar av stoff som har vore forholdsvis lite dokumentert i norsk fisk før, som perfluorerte stoff og dei bromerte flammehemmarane HBCD og TBBP-A.

– Det er bra å få eit datagrunnlag for dette, sjølv om det ikkje er sett grenseverdiar for desse stoffa i dag, seier Frantzen.

Ønsker dokumentasjon av giftig arsen

Seinare meiner forskarane det kan vere behov for å analysere innhaldet av uourganisk arsen, eit stoff dei ikkje har sett på i denne runden.

Det var høge nivå av arsen i raudspette og breiflabb, men basert på tidlegare analysar av andre fiskeslag, er det likevel grunn til å tru at verdiane av den giftige, uorganiske forma av arsen er låge.

Heile rapporten finn du her