Lite kvikksølv i sjømat ved ubåtvraket

Illustrasjonsfoto: Nedgreven taskekrabbe som kviler seg i sanden. Foto: Astrid K. Woll / Møreforsking

FEDJE: Det er framleis lite kvikksølv i sjømat ved U-864. Restar av kvikksølv i krabbe, har truleg samanheng med forureining frå havbotnen, konkluderar ein ny rapport frå NIFES.

NIFES analyserer årleg fisk og krabbe frå området ved vraket av ubåten U-864 utanfor Fedje på oppdrag for Kystverket. I overvakingsrapporten for 2011 går det fram at krabbe fanga ved vraket har klart høgare konsentrasjonar av kvikksølv enn krabbe fanga lenger borte frå vraket.

I hovudsak er det likevel snakk om låge konsentrasjonar. Ingen krabbeprøver viste i 2011 konsentrasjonar over EUs grenseverdi for humant konsum (gjeld berre klokjøt). Funna endrar dermed ikkje biletet av mattryggleiken. Mattilsynet anbefalar gravide og ammande å ikkje ete sjømat frå området kring ubåtvraket ved Fedje, skriv Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) i ei pressemelding.

Kvikksølv i krabbe

Analysar frå 2005 til 2011 viser at innhaldet av kvikksølv i krabba fanga nær ubåtvraket er vesentleg høgare enn nivå målt i studiar frå andre stader langs kysten. Konsentrasjonane av kvikksølv i krabbeprøvene var litt lågare enn i åra 2004-2008, men høgare enn i 2009 og 2010. Dette har truleg samanheng med sesongvariasjonar.

– Resultata frå overvakinga i perioden 2005 til og med 2011, er samla sett ein sterk indikasjon på at høge nivå av kvikksølv i krabbe har samanheng med forureining i sediment kring vraket, seier forskar ved NIFES, Sylvia Frantzen.

Lågare konsentrasjon i brosme

Når det gjeld fisk (brosme), kan forskarane så langt ikkje slå fast nokon samanheng mellom kvikksølv i filet og forureining frå ubåtvraket.

– Etter fleire år med overvaking, ser vi at konsentrasjonen av kvikksølv i brosme er lågare ved vraket enn både nord og sør for vraket, seier Frantzen.

Kvikksølvkonsentrasjonane i brosmefilet frå fisk fanga nær vraket i 2011, er høgare enn i opne havområde i Norskehavet og Barentshavet, men skil seg ikkje vesentleg frå konsentrasjonane andre stader på Vestlandet. Også i brosme fanga i nærleiken av U-864, er konsentrasjonane av kvikksølv for det meste under EUs øvre grenseverdi for humant konsum. I 2011 hadde to av 75 brosmer konsentrasjonar like over grenseverdien.

Den tyske ubåten U-864 kan ha hatt 60-70 tonn metallisk kvikksølv i lasta då den vart senka av ein britisk ubåt vest av Fedje i februar 1945. Vraket vart lokalisert i 2003. Prøver som vart teke i sediment rundt vraket, synte høge konsentrasjonar av kvikksølv.

pdfKvikksølvinnhold i fisk og annen sjømat ved vraket av U-864 vest av Fedje i 2011976.05 KB976.05 KB