Trygt å ete norske skjel

Eit opna halvt oskjel med innmat. Foto: Per Eide Studio / Norwegian Seafood Council
Del saken

Éin av åtte flatøsters, to av tre oskjel og éin prøve av kongsnigel hadde kadmium over grenseverdien. Elles var tilstanden god for norskproduserte skjel i 2018, viser den årlege overvakinga av bakteriar og miljøgifter.

På oppdrag for Mattilsynet undersøker Havforskingsinstituttet norske skjel og skjellokalitetar for tarmbakteriane E. coli og Salmonella, samt ulike miljøgifter. Denne overvakinga gjer vi for å kunne dokumentere at det er trygt å ete norskproduserte skjel.

– Denne overvakinga viser at norske skjel som kjem på marknaden stort sett er trygge, seier Arne Duinker, forskar ved Havforskingsinstituttet, i ei pressemelding.

86 prosent under grenseverdi for tarmbakteriar

Rapporten frå overvakinga i 2018, viser at om lag 86 prosent av dei 195 prøvane frå tilsynsprogrammet var under grenseverdien for E. coli. I 346 prøvar sendt inn av næringa sjølv, var også 84 prosent under grenseverdien. Dette er som normalt.

Salmonella fanst ikkje i nokon av dei 21 prøvane som vart analysert for dette.

Prøvane var samla inn gjennom året, frå ulike stader i landet. Dei fleste prøvane var av blåskjel, kamskjel og østers, i tillegg til nokre stillehavsøsters, kuskjel, oskjel og teppeskjel.

Område med skjelproduksjon blir delt inn i A-, B og C-område, etter kor stor påverknaden av tarmbakteriar er. Skjel frå A-område er så reine at dei kan gå direkte til en mottakssentral som reingjer, sorterer og pakkar dei for sal. Skjel frå B og C-område må reinsast før dei kan seljast. Både A- og B-område blir undersøkte kvart år. Skjel frå C-område må setjast ut i sjøen att for å bli reine.

Lite miljøgifter

Havforskingsinstituttet har også undersøkt innhaldet av metall og andre framandstoff i prøvar av skjel samla inn av Mattilsynet og næringa sjølv. Ingen lokalitetar oversteig EU sine grenseverdiar eller kom inn under Miljødirektoratet si klassifisering for «moderat ureining» med omsyn til kadmium, bly, kvikksølv og tributyltinn (TBT).

I 26 prøvar av blåskjel var konsentrasjonane av metall om lag som tidlegare år. Ingen av tungmetalla kadmium, kvikksølv eller bly var over grenseverdiane EU og Noreg har sett.

Éin av åtte flatøsters hadde nivå av kadmium over grenseverdien. To av tre prøver av oskjel og éin prøve av kongsnigel var over grenseverdien for kadmium, og éin prøve av oskjel over grenseverdien for bly. Elles var det låge nivå av organiske miljøgifter i desse skjela.

– Østers har naturleg mykje kadmium på grunn av fysiologien deira: dei vel å binde opp kadmium i staden for å skilje det ut. Østers med litt høgt nivå av kadmium er ikkje lov å omsetje, men ein kan trygt ete eit måltid i veka, seier Duinker.

Kan fjerne nyrene frå oskjel

Mattilsynet opplyser på sine nettsider at hovudmengda av kadmium og bly i oskjel, tidlegare er blitt lokalisert til nyrene. Mattilsynet anbefaler difor at nyrene vert fjerna før konsum.