Slår alarm om Listeria i laks

Suempol Norge som driv lakserøykeri i Polen, har funne Listeria i 20 prosent av fisk importert frå Norge.

Suempol Norge AS har no kontakta Mattilsynet for å få ei løysing på problema med bakteriar i den norske laksen, melder NRK Møre og Romsdal.

I brevet skriv dagleg leiar, Ståle Høyem, i Suempol Norge AS mellom anna at det er funne Listeria i 20 prosent av den importerte laksen frå Norge mellom april og juli.

– Jeg vil påstå at dette er ute av kontroll, og jeg synes ikke internkontrollrutinene hos pakkeriene fungerer tilfredsstillende hos mange nok slakterier, skriv Høyem.

Les også: Polsk ønske om bedre kvalitet 27.08.2009

Mattilsynet er samd med den polske importøren i at Listeria er eit problem i norsk laks, skriv NRK.

– Vi har gjennom eit eige prosjekt avdekka at evna hos bedriftene til å handtere listeriaproblematikken er dårlegare enn det vi kunne ønskje, seier fungerande regiondirektør Knut Rønningen i Mattilsynet Midt-Noreg. Men vi har inntrykk av at bransjen tek dette alvorleg, seier Rønningen til NRK.

Mattilsynet strekar under at Listeria ikkje treng å vere eit problem, om den ikkje førekjem i store mengder. Listeria kan vere farleg for gravide, eldre og sjuke.

Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) har sett i gang eit prosjekt som skal kartleggje problemet. Men nestleiar Bård Sekkingstad i NSL, meiner at norske lakseslakteri alt har gode rutinar.