Vil ha obligatorisk fiskekort for sjøfiske

Havforskingsinstituttet føreslår å innføre eit obligatorisk lisenssystem for alt fritidsfiskeri.

Slik registrering er heilt naudsynt for få oversikt over det totale ressursuttaket langs norskekysten, meiner instituttet. Registeret skal vere til informasjon, og instituttet tek ikkje til orde for avgifter som kan kome i konflikt med allemannsretten til å fiske i sjø.

Franlegget om obligatorisk registrering av turist- og fritidsfiskarar er eit av fleire innspel i ein høyringsuttale frå instituttet. Uttalen er skriven til ein turistfiskerapport bestilt av Fiskeri og kystdepartementet, og som no har vore til høyring.

Les også: Rapport om turistfiske i sjø på høring 19.09.2011
Les også: Turistfiske i sjø foreslås innstrammet 30.06.2011

Turistfisket er kartlagt

– Nordmenn er jo vande med denne type registrering frå jakt og ferskvassfiske. Danmark, USA og fleire andre land har alt slike obligatoriske lisenssystem for saltvassfiske, seier forskar Jon Helge Vølstad frå Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.

Han understrekar at registeret er til informasjon, og at instituttet ikkje tek til orde for avgifter som kan kome i konflikt med allemannsretten til å fiske i sjø.

Saman med kollegaene i faggruppa Fiskeridynamikk, har Vølstad forska på rekreasjonsfiske, som omfattar fritidsfiske, turistfiske og alt anna fiske som ikkje er yrkesfiske. I 2009 kartla Havforskingsinstituttet delar av turistfisket (bedriftssektoren) og konkluderte med at turistane hentar opp ca. 3 300 tonn fisk frå sjøen årleg.

Les også: Fisketuristane fangar mindre enn venta 04.06.2011

Manglar tal for fritidsfisket

Men turistfisket utgjer berre ein liten del av rekreasjonsfisket. Førebels finst det ikkje tal på kor mykje fritidsfiskarane, som er ei langt meir samansett og talrik gruppe enn turistfiskarane, fiskar.

– Vi har svært lite statistikkar og dermed blir oversikta dårleg. Utan ei eller anna form for registrering vil det vera ei nærmast umogeleg oppgåve å kartleggja kor stort fiskeuttaket heile rekreasjonsfisket står for, seier Vølstad.

Les også: Store mørketal for fritidsfisket 01.10.2011
Les også: Forsker på nye kystnæringer14.06.2011

Ei liste over deltakarar med kontaktinformasjon vil gjere forskarane i stand til å velje ut turist- og fritidsfiskarar som kan bidra med naudsynte fangstdata og informasjon om fisket, meiner instituttet.

Vølstad legg til at det kan vere ei rasjonell tilnærming å innføre eit lisenssystem der ein skil mellom fiske med garn og line (fastståande reiskap) og stong og snøre. Havforskingsinstituttet er mest interessert i datatilfang frå fiske i båt.

Les også: Fisketuristane slepp torsken ut igjen 11.06.2011