Eksportpris kr 118,23 for fersk laks i veke 10

Illustrasjonsfoto: NFD

Eksportprisen for fersk laks gjekk ned med 1,25 kroner frå veke 9 til veke 10 i 2023.

I veke 10 i 2023 var eksportprisen for fersk laks 118,23 kroner per kilo, tilsvarande ein nedgang på 1,0 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 10 enda på 13.901 tonn, tilsvarande ein reduksjon på 7,4 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 15.004 tonn.

I veke 10 vart det eksportert 693 tonn frosen laks, og prisen var 89,16 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

År 2023Fersk laksFrosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
10 13 901 118,23 693 89,16
9 15 004 119,48 760 90,57
8 14 905 112,46 654 89,30
7 14 851 103,22 415 89,70
6 15 269 93,30 270 97,25
5 16 946 93,07 343 87,22
4 16 916 89,77 306 92,69
3 16 564 94,98 246 92,93
2 15 402 97,51 391 84,48
1 14 932 89,67 126 76,18

 

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2022, 2021, 2020, 2019, 2018, 2017, 2016, 2015, 2014, 2013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.