Eksportpris kr 113,39 for fersk laks i veke 15

Illustrasjonsfoto: Johan Wildhagen / Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp med 4,18 kroner frå veke 14 til veke 15 i 2023.

I veke 15 i 2023 var eksportprisen for fersk laks 113,39 kroner per kilo, tilsvarande ein oppgang på 3,8 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 15 enda på 15.265 tonn, tilsvarande ein auke på 30,2 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 11.722 tonn. Det er vanleg med lågt eksportvolum i påskeveka.

I veke 15 vart det eksportert 394 tonn frosen laks, og prisen var 98,37 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

År 2023Fersk laksFrosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
15 15 265 113,39 394 98,37
14 11 722 109,21 298 96,36
13 17 460 111,04 396 99,72
12 15 972 117,32 642 92,99
11 13 786 122,88 598 92,42
10 13 901 118,23 693 89,16
9 15 004 119,48 760 90,57
8 14 905 112,46 654 89,30
7 14 851 103,22 415 89,70
6 15 269 93,30 270 97,25
5 16 946 93,07 343 87,22
4 16 916 89,77 306 92,69
3 16 564 94,98 246 92,93
2 15 402 97,51 391 84,48
1 14 932 89,67 126 76,18

 

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 2022, 2021, 2020, 2019, 2018, 2017, 2016, 2015, 2014, 2013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.