Eksportpris kr 118,07 for fersk laks i veke 21

Illustrasjonsfoto: NFD

Eksportprisen for fersk laks gjekk ned med 2,76 kroner frå veke 20 til veke 21 i 2024.

I veke 21 i 2024 var eksportprisen for fersk laks 118,07 kroner per kilo, tilsvarande ein nedgang på 2,3 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

12 567 tonn fersk laks

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 21 enda på 12.567 tonn, tilsvarande ein auke på 7,4 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 11.698 tonn.

I veke 21 vart det eksportert 507 tonn frosen laks, og prisen var 84,50 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

År 2024Fersk laksFrosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
21 12 567 118,07 507 84,50
20 11 698 120,83 717 91,00
19 10 617 122,05 476 82,51
18 11 511 119,65 244 78,78
17 12 923 113,18 309 92,45
16 11 766 121,22 529 85,45
15 13 015 123,28 617 89,08
14 11 675 120,04 463 90,57
13 9 512 115,19 518 88,74
12 13 493 106,78 623 91,11
11 14 619 106,19 511 78,18
10 14 487 107,29 493 93,94
9 12 959 109,58 441 88,62
8 10 687 111,25 471 82,34
7 13 369 107,78 367 88,46
6 15 862 106,91 487 83,77
5 13 511 109,18 342 83,99
4 15 342 104,48 374 86,97
3 14 622 99,87 358 91,95
2 16 016 108,85 475 88,00
1 12 105 112,90 175 100,85

 

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 20232022, 2021, 2020, 2019, 2018, 2017, 2016, 2015, 2014, 2013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.