Eksportpris kr 125,36 for fersk laks i veke 1

Illustrasjonsfoto: Marius Fiskum / Norwegian Seafood Council

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp med 13,54 kroner frå veke 52 i 2024 til veke 1 i 2025.

I veke 1 i 2025 var eksportprisen for fersk laks 125,36 kroner per kilo, tilsvarande ein oppgang på 12,1 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

11 364 tonn fersk laks

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 1 enda på 11.364 tonn, tilsvarande ein auke på 24,4 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 9.134 tonn. Det er vanleg med låge eksportkvanta i veker der jul og nyttår inngår.

I veke 1 vart det eksportert 255 tonn frosen laks, og prisen var 84,19 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

År 2025Fersk laksFrosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
1 11 364 125,36 255 84,19

 

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 202420232022, 2021, 2020, 2019, 2018, 2017, 2016, 2015, 2014, 2013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.