Eksportpris kr 75,89 for fersk laks i veke 21

Illustrasjonsfoto: NFD

Eksportprisen for fersk laks gjekk ned med 1,17 kroner frå veke 20 til veke 21 i 2025.

I veke 21 i 2025 var eksportprisen for fersk laks 75,89 kroner per kilo, tilsvarande ein nedgang på 1,5 prosent samanlikna med veka før. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

20 466 tonn fersk laks

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 21 enda på 20.466 tonn, tilsvarande ein auke på 4,8 prosent frå veka før, då eksportkvantumet var 19.523 tonn.

I veke 21 vart det eksportert 703 tonn frosen laks, og prisen var 82,63 kroner per kilo. Sjå meir om statistikken nedst i denne artikkelen.

Tabell: Eksport av laks

År 2025Fersk laksFrosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
21 20 466 75,89 703 82,63
20 19 523 77,06 498 89,40
19 18 073 74,31 530 77,32
18 18 958 74,31 479 84,86
17 18 343 89,19 534 82,26
16 13 620 95,33 162 84,84
15 20 009 78,56 666 76,87
14 19 053 76,40 612 76,26
13 18 828 84,45 560 83,03
12 18 172 89,09 473 95,18
11 17 467 88,64 368 76,23
10 17 116 87,00 538 93,43
9 18 067 92,67 520 79,50
8 15 536 92,97 544 82,23
7 15 966 93,23 740 86,97
6 15 184 92,18 706 92,27
5 16 370 94,49 510 96,78
4 15 564 98,43 738 88,27
3 17 325 105,08 645 84,59
2 15 939 117,77 393 90,27
1 11 364 125,36 255 84,19

 

Statistikk for tidlegare år
Eksportprisar for laks i år: 202420232022, 2021, 2020, 2019, 2018, 2017, 2016, 2015, 2014, 2013, 2012, 2011, 2010.

Meir om statistikken
Vekerapporten viser eksport av fersk, kjølt og frosen oppalen heil laks, med og utan hovud og med alle vektklassar og kvalitetar inkludert. Også fisk som vert seld på kontrakt er inkludert i statistikken. For frosen laks er biprodukt utelatne. Den rapporterte prisen er verdien ved passering over norsk grense, og inkluderar mellom anna frakt- og terminalkostnader. Frå og med 2012 er utvalde varenummer 03.02.1411, 03.02.1419, 03.03.1311 og 03.03.1319, etter endring i norsk tolltariffnomenklatur. I perioden 2000-2011 var utvalde varenummer 03.02.1201, 03.02.1202, 03.03.2201 og 03.03.2202.